Du er her: Hjem / Humanisten / Septemberfest / Positivt stressa Grieg-direktør /

POSITIVT STRESSA GRIEG-DIREKTØR
I DAG SNAKKAR ME MED: Positivt stressa Grieg-direktør
Gjengjeve med velvillig tillating frå BT og artikkelforfattaren 

NAMN: Ragna Sofie Grung Moe
BUR: Fløenbakken
ALDER: 51
SIVIL STATUS: Eineståande
YRKE: Direktør for Grieg07
AKTUELL: Frontar Grieg-året 2007. Var fredag ferdig med det endelege programmet til 100-årsmarkeringa av Edvard Griegs død, som startar 31. august i Bergen.

Av Harald Espeland

- Har du hatt det hektisk den siste tida?
 
- Kjempehektisk! Men arbeidet med å få klart programmet har samtidig vore veldig givande. Eg vil seia at eg har vore stressa på ein god måte. Og eg er yr og glad, for programmet me har fått i hamn er eit mirakel i den forstand at me har hatt lita tid, lite pengar og lite folk til å jobba med prosjektet.

- Programmet for Grieg-markeringa i Bergen stod klart fredag. Kva er det som gjer at du kallar det «eit mirakel»? 

- Det viser at Grieg-året har inspirert masse kjempedyktige folk til å koma med sine innspel om korleis dei opplever Grieg. Store delar av programmet er nemleg sett saman av initiativ som har kome utanfrå.

- Nokre spesielle høgdepunkt? 

- Det kunstnariske hovudprosjektet blir for vår del «Sleppet», som er eit prosjekt der lydkunstnarar frå heile verda har vore ute i naturen i Sogn og Fjordane og tatt opp lydar som dei skal setja saman til utstilling og konsert. Elles må eg trekka fram mangfaldet i programmet, det vil blant anna bli spinningtimar til musikk av Grieg, og både rock og jazz med Grieg.

- Spinning med Grieg, korleis fungerer det? 
 
- Me hentar inn ein topp instruktør frå Oslo som skal gi timar i eit treningsstudio. Eg er veldig spent på akkurat det. 
 
- Kvifor skal me markera at Grieg gjekk bort?
 
- Det er viktig å minnast kva for ein ressurs Grieg var og framleis er i dag, og kor mange som har late seg inspirera av han. Målet vårt er at markeringa skal bidra til ny vekst og nytt engasjement ut frå det Grieg skapte - ikkje at me skal sørgja over hans bortgang.

- Meiner du Grieg er større enn mange er klar over?

- Ja. Haldningane hans som medmenneske og humanist, i tillegg til kva han hadde å seia for etterfølgjande musikarar og komponistar, er noko som har blitt lagt meir merke til internasjonalt enn her heime.

- Så du er ikkje redd for at folk skal få ein overdose med Grieg i markeringsåret?

- He-he. Nei, berre 20 prosent av programmet er reinspikka Grieg, medan resten er Grieg-inspirert. Så eg vil tru markeringa inneheld noko for ein kvar smak.
 

 Ragna Sofie Grung Moe.  
  
 
 

 


Klikk her for å få en utskriftsvennlig version av denne siden.Utskriftsvennlig version